Festivalblogging

(Interpol på Hovefestivalen 2007. Foto: Kim Erlandsen)
I sumar har eg tenkt meg på Hovefestivalen! Eg har planar om å prøve å blogge derfrå på ein eller anna måte. Korleis? Ikkje heilt sikker enda. Har du nokre gode forslag?
Aller først kan eg seie litt om årsaken. Eg prøvde meg i fjor frå same festival. Problemet var at alt eg gjorde av blogging blei i realiteten gjort etter festivalen. Med heller labert resultat. Det er vanskeleg å samle alle dei spontane tankane du får på ei slik opplevelsesrik veke i etterkant.
Det var datamaskiner på området, men eg hadde betre ting å gjere enn å setje med ned og skrive mellom konsertar. Rett og slett. Bileteoverføring var også meir tungvint enn godt er.

(Billy Talent på Hovefestivalen 2007. Foto: Kim Erlandsen)
Ta med mi eiga maskin er også eit litt dodgy valg. Ein festivalcamp er ein ofte våt stad med mykje aktivitet, og sjansen for kraftig nedbør, harde støyt og fingernemme tjuvar er for stor til at eg tør å ta den med. Sjansen for dette er derimot større om me kan ta med ein bil (noko du kan på den private campingen eit lite stykke unna festivalområdet).
I mangel av ei datamaskin (eller… mangel og mangel…) er det fleire mobile tenester eg kan bruke. Eg er stor fan av Opera Mini (og Opera generelt, og med den kan eg skrive eigne bloggpostar. Sidan mobilen min ikkje er av dei nyaste, har eg derimot ikkje tilgang til kamerafunksjonen eller opplastingsfunksjonen til Opera Mini, så bileter blir dermed litt verre å gjere.

(Cansei de Ser Sexy på Hovefestivalen 2007. Foto: Kim Erlandsen)
Av litt meir utradisjonelle forslag, kan eg jo for eksempel teste ut Utterz, som Andreas Lunde har testa tidlegare. Denne tenesta støttar lyd, bilete, tekst og/eller video sendt frå ein mobil til ei mailadresse. Ved hjelp av automagi og gode programmerarar kan den så legge dette innhaldet på mi nettside. Dette er gratis med unntak av mine eigne utgifter ved GPRS-oppkopling og sending (som jo kan bli litt etter kvart…).
Ikkje at eg er så glad i å høyre mi eiga stemme, men kva kan vel kapre stemninga betre på ein musikkfestival, enn nettopp lyden og video av denne musikkfestivalen? Det kan også vere med på å fornye bloggen min litt, som til no er kjemisk fri for det meste som heiter eigenprodusert lyd og video.

(Queens of The Stone Age på Hovefestivalen 2007. Foto: Kim Erlandsen)
Andre liknande tiltak er for eksempel Youtube sin mobilopplastingsfunksjon, der eg sender video til ei mailadresse, som igjen lastar videoen opp på min profil på Youtube. Eg stolar kanskje meir på Youtube enn Utterz, men det krevjer at eg verkeleg gjer vloggar av meg, og at eg i tillegg må styre med Youtube-kodar via mobiltastatur (med mindre det finst ein egna WP-plugin). Denne tenesta er “gratis” på lik linje med Utterz.
Ellers har eg Andy Moore sin WP Mobile Plugin, som eg mistenkjer eg får same problema med som med Opera Mini, at eg ikkje kan benytte meg av bileteopplastingsfunksjonen.
Så gir eg stafettpinnen til dykk. Har de nokre gode forslag til korleis eg skal løyse dette? Nokre gode tenester de har testa, nokre artige apps de har høyrt om, eller er de kanskje rett og slett uinteressert i blogging frå festivalen? Det er jo også eit alternativ å late vere å skrive noko frå Hove.
Bileta er tekne frå NRK P3 sin flickr-konto. Alle bileta der har Creative Commons-lisens, og kan brukast fritt av alle, så lenge ein linkar tilbake til opphavet. NRKbeta skriv meir om saka.
Liknande artiklar
- Opera 1: Out-of-the-box - AnbefalingarInternett
- Til alle Googlarar der ute - Nyheiter
- Opera 2: Tilpasningsdyktig - Guidar
- YouTube oppkjøpt av Google - BloggNyheiter
- Twitter i Opera - Internett
Wednesday 23. April 2008 klokka 7:48 am
Det å høre sin egen stemme er en vanesak. Den eneste som reagerer på stemmen i boksen er deg
Wednesday 23. April 2008 klokka 7:49 am
Hva med blogspot? Jeg bruker det til å poste rett fra mobilen, funker knirkefritt på min SE.
Wednesday 23. April 2008 klokka 10:12 am
[...] å kopiere teksten der NRKbeta omtales inn i “notes”-feltet. Her er et eksempel - hvor tanketom skriver om Hovefestivalen - med bilder fra P3s fete Flickr-konto, og henvisning til artikkelen vår om [...]
Wednesday 23. April 2008 klokka 11:25 am
@Andreas:
Joda, det er sant det. Eg har vore programleiar på radio tidlegare (skuleprosjekt). Men det var det med eksponering også. Vil eg bli vloggar no, eller vil eg fortsetje med berre bileter og tekst?
@Jørn Idar:
Men fungerar det å laste opp bileter frå din mobil til Blogspot? For eg kan blogge tekst frå mobilen til Wordpress. Det er bileter eg i så fall saknar. Og uansett, eg foraktar blogspot som pesten.
Wednesday 23. April 2008 klokka 11:34 am
Eg kan i alle fall ta med diktafonen min til Hove, om du har trong for å samle alle dei spontane tankane og inntrykka du får gjennom festivalen.
Wednesday 23. April 2008 klokka 7:19 pm
Foreløbig følar eg at Utterz vil verke best for meg, sidan eg då har fleksibiliteten til å legge ut lyd, bilete, film og/eller tekst, i motsetning til Youtube som berre har video, og andre funksjonar som berre har tekst.
Takk til Andreas og Jørn Idar for svar på Twitter.
@Grasnaut:
Takk for tilbodet, Merete, men eg trur ikkje diktafon er mi greie. Eg kan i så fall like greit bruke opptakaren på mobilen
Thursday 24. April 2008 klokka 2:40 pm
jeg sikler til tre av bildene, meeen viking er kulere enn Hove! :O Dont shoot me please!